Partoutkort 2023

Solgte partoutkort på supportertribunen

Verdifastsetting av partoutkort

I redaksjonen til Dø for Brann var det ei stor interesse for tal og 66,66% av redaksjonen gjekk seinare på NHH. Derfor er det rimeleg at Dø for Brann gjennomfører ei økonomisk analyse av partoutkort på Brann Stadion.

Langsiktig perspektiv

Skal ein gjere viktige investeringar er det naudsynt å tenkje langsiktig. Og partoutkort er ei svært langsiktig investering. Sjølv om vi ikkje dør for Brann, skal vi gå på Brannkamp til vi dør. Og då er det best med partoutkort.

Lav risiko

Det vi Brannsupportarar er mest redd for er å gå glipp av noko viktig. Den største risikoen er ikkje eit nedrykk, men det å gå glipp av ein legendarisk kamp. Som kjent gjev partoutkort sikker plass på alle kampane og dermed er det ei investering som reduserer risikoen i livet som Brannsupportar.

Føreseieleg

Ved alle investeringar ynskjer investorar føreseielege rammer. Jo meir føreseieleg noko er, jo høgare verdi vil det ha. Og partoutkort gjer livet som Brannsupportar meir føreseieleg. Det som skjer på bana kan variere noko einskilde sesongar, men då er det bra med stabile rammer på andre områder. Partoutkort sikrar deg den same plassen på kvar einaste kamp.

Diversifisering

For å lukkast som investor er det viktig å tenkje på diversifisering. Det betyr at ein ikkje bør investere alt i eit selskap eller i ei bransje. Så sjølv ikkje Dø for Brann meiner ein bør investere alle pengane i partoutkort. Men som ein del av ein større investeringsportefølje er det gunstig, for ein har neppe investert i andre partoutkort enn på Brann Stadion, og dermed er investeringa med på å gjere portefølja meir diversifisert.

Konklusjon

Basert på denne analysen av partoutkortet på Brann Stadion meiner Dø for Brann at verdien ligg på kr 5 000. Eit partoutkort på Frydenbøtribuna kostar kr 2 000 og dermed er dette ei svært god investering.

Terminliste

KampDato
Awaydays
Brann-Haugesund (Cup) 12/03-2023
Brann-Haugesund 10/04-2023
Odd-Brann   - Buss (450/300) 16/04-2023
Brann-Vålerengen 22/04-2023
Bodø/Glimt-Brann 29/04-2023
Brann-Sandefjord 08/05-2023
Sarpsborg 08-Brann   - Buss (450/300) 13/05-2023
Brann-Stabæk 16/05-2023
Brann-Rosenborg 29/05-2023
Aalesund-Brann   - Buss (500/350) 04/06-2023
Brann-Lillestrøm 11/06-2023
Viking-Brann   - Buss (300/150) 24/06-2023
Brann-HamKam 02/07-2023
Molde-Brann   - Buss (500/350) 09/07-2023
Brann-Strømsgodset 16/07-2023
Tromsø-Brann 23/07-2023
Brann-Viking 30/07-2023
HamKam-Brann 06/08-2023
Rosenborg-Brann 13/08-2023
Brann-Aalesund 20/08-2023
Lillestrøm-Brann 27/08-2023
Brann-Sarpsborg 08 03/09-2023
Stabæk-Brann 17/09-2023
Brann-Tromsø 24/09-2023
Vålerengen-Brann 08/10-2023
Brann-Molde 22/10-2023
Sandefjord-Brann 29/10-2023
Brann-Odd 05/11-2023
Haugesund-Brann 12/11-2023
Brann-Bodø/Glimt 26/11-2023
Strømsgodset-Brann 02/12-2023