Partoutkort 2023

Solgte partoutkort på supportertribunen

Norge rundt med barn og fulle folk

Endeleg er dagen her! Om nokre timar presenterer Norges Fotballforbund terminlista for OBOS-ligaen 2022.

Sjølvsagt fristar ikkje alt på OBOS-menyen like mykje. Vi kunne for eksempel godt blitt spart for nok ein kamp på den der idrettsplassen på Bekkestuen som ikkje har andre funksjonar i verda enn å tømme deg for energi. Heimekampane mot lag som Raufoss og Grorud blir nok også pliktarbeid. Likevel sit eg og snurrar på kontorstolen ved tanken på at NFF endeleg skal sleppe terminlista for førstedivisjon.

Kva feiler det meg?

Først og fremst er det vel snakk om eit årleg ritual: Du gleder deg til å begynne på nytt med blanke ark, utansett kva divisjon klubben speler i. Ja, av erfaring veit alle Brann-supporterar at det er før sesongen vi må glede oss, slik vi kloke av skade, alltid tar festen før kampen. Også ei rekke andre sentrale element i denne «supporter-grunnpakka» er heilt uavhengige av divisjonstatus: Lage og synge Brann-sangar i dusjen. Timar på buss, tog og hotellrom med gode og dårlege venner.  Pyro. Og sjølvsagt dei djupe og overfaltiske samtalane med kjente og framande i kafévogner, på pubar, på dassar og i pølsekøar.

Trøst

Samtidig er det også heilt spesifikke grunnar til at eg akkurat i år sitrar ved tanken på denne lista med lagnamn og speledatoar, og at Brann-gruppene på Messenger har vore fulle av reiseplanlegging og terminlisteprat sidan nedrykket var eit faktum: Idet terminlista blir lagt ut, kjem augene mine til å gå i kryss, slik at eg i same sekund kan fange opp når Brann møter Fredrikstad på bortebane og når vi endeleg skal på road trip til Sogndalsfjøra igjen. Det var desse to kampane eg trøsta meg med då eg luska ut av Intility onsdag 15. desember 2021. På bussen heim, lukka eg augene og framkalla det historiske suset som alltid fyller meg idet eg går opp den bratte tappa til Fredrikstad stadion bygd inn i hallane til gamle Fredrikstad Mekaniske Verksted. Like levande kunne eg inbille meg bilturen til Sogndal: Klirrande flasker, sang, diskusjonar om guilty pleasures i alle tenkelege variantar, og sjølvagt stemmene til Elvis og Pels som tar diskusjonen over alle diskusjonar: Er Rikard Norling det vakraste og mest poetiske mennesket Gud nokon gong har sendt til Bergen, eller berre ein håplaus kommunikasjonsrådgivaraktig bløff sendt av administrasjonen for nytale, dada og svada?

Minnene

Følelsen av at desse to kampane er spesielle – ja, av at OBOS-ligaen 2022 blir spesiell  – er sjølvsagt fyrt opp av gode, gamle minne. Eg har hatt nokre av mine mest intense Brann-ekstasar nettopp i Plankebyen og på Fosshaugdn: Semifinalen i 2011 var i tillegg til sikring av cupfinalebilletten, ein av dei første turane mine med Fyrebussen til Brann-gjengen i aust. Endeleg hadde eg funne eit felleskap i Oslo-område eg kunne dele lidenskap og liding saman med! Er du einsam Brann-supporter på austlandet, er det berre å oppsøke oss.

Ei minst like heftig oppleving som 2011-kampen, var Azar-Hassan-returen i 2007, då Sportsklubben tok nok eit stort steg mot gullet og ein framand som seinare skulle bli ein god venn og fast sjåfør til Sogndal, kom stormande nedover midtgangen i baris og kasta skjorta ut på banen.

Ferjeherjing

Frå Sogndal er det spesielt snuoperasjonen i 2017 som merkar seg ut. Då Fredrik Haugen snudde kampen med eit langskot, klatra halve BGG til topps i sikkerheitsnettet og eg mista kontakt med hjernen min. Dette var den same kvelden nettaviser og sosiale medier vart fylte av videoar av spelarbussen på ei ferje omringa av kokande bergensarar på veg heim frå saftbygda.

OBOS byr heldigvis også på ferjer: I tillegg til Sogndal er det berre å krysse av kampane mot Bryne og Sandnes med det same. Sandnes Ulf merkar seg også ut ved å ha bytta ut den nadderudaktige idrettsplassen med ein flunkande ny arena. Særleg sjelfullt ser ikkje nybygget ut, men det er i alle fall hermetisk lukka, slik eit fotballteater bør vere for å skape den magiske illusjonen av at alt som betyr noko er her og no, denne eine kampen.

Heime på bortebane

OBOS-ligaen er også spesiell for oss som støttar Brann i Oslo-området. Dei siste åra har vi blitt ein stadig større gjeng, og i 2022 har vi ikkje mindre enn åtte «heimekampar», i tillegg til ein lang, men alltid like festleg fyrebusstur til Kristiansand. Ved å fylle bortefelta til lag som Grorud og KFUM  slik vi i 2015 fylte bortefeltet til Bærum, og for første gong kunne synge «Vi e fler enn dåkkar!» med god samvittighet på bortebane, har vi i år sjansen til å igjen vise at Brann er noko heilt spesielt uavhening av divisjonsstatus.

Og med det er det vel ikkje noko poeng å nøle meir med konklusjonen: Når eg ser over lista over bortekampar eg vil reise på i OBOS 2022, har eg plutseleg kryssa av nesten heile lista.

Terminliste

KampDato
Awaydays
Brann-Haugesund (Cup) 12/03-2023
Brann-Haugesund 10/04-2023
Odd-Brann   - Buss (450/300) 16/04-2023
Brann-Vålerengen 22/04-2023
Bodø/Glimt-Brann 29/04-2023
Brann-Sandefjord 08/05-2023
Sarpsborg 08-Brann   - Buss (450/300) 13/05-2023
Brann-Stabæk 16/05-2023
Brann-Rosenborg 29/05-2023
Aalesund-Brann   - Buss (500/350) 04/06-2023
Brann-Lillestrøm 11/06-2023
Viking-Brann   - Buss (300/150) 24/06-2023
Brann-HamKam 02/07-2023
Molde-Brann   - Buss (500/350) 09/07-2023
Brann-Strømsgodset 16/07-2023
Tromsø-Brann 23/07-2023
Brann-Viking 30/07-2023
HamKam-Brann 06/08-2023
Rosenborg-Brann 13/08-2023
Brann-Aalesund 20/08-2023
Lillestrøm-Brann 27/08-2023
Brann-Sarpsborg 08 03/09-2023
Stabæk-Brann 17/09-2023
Brann-Tromsø 24/09-2023
Vålerengen-Brann 08/10-2023
Brann-Molde 22/10-2023
Sandefjord-Brann 29/10-2023
Brann-Odd 05/11-2023
Haugesund-Brann 12/11-2023
Brann-Bodø/Glimt 26/11-2023
Strømsgodset-Brann 02/12-2023