Partoutkort 2023

Solgte partoutkort på supportertribunen

«Ja, ja, eg vet jo kor det e. Eg har pisset på den veggen så mange gangar.»

Første gongen eg reiste ut i verda og stod der heilt åleine, trur eg må ha vore då eg møtte opp på rekruttskulen på Madla. Ja, eg har følt meg åleine første skuledag på ein ny skule, men då har eg likevel reist heim til foreldra mine etterpå, det har vore nokre trygger rammer. Men då eg møtte opp der nede ein mørk ettermiddag i januar ikkje lenge etter Mons Ivar Mjelde var ferdig som Brann-trenar, skulle eg vere saman med heilt ukjente folk i nokre månadar før eg fekk reise nokon annan stad enn Dickens i Stavanger sentrum.

Eg helser på dei eg bur på rom med, to trønderar, ein frå Os og to frå osloområdet. På naborommet er det to til frå Os. Det ballar på seg. Alle utvekslar namn, kva ein har gjort før vi hamna her, alle dei vanlege tinga. «Eg bur i byn», seier eg på eit tidspunkt. «Åja, kvar, då?» «Inndalsveien.» «Åja, kor i Inndalsveien, då?» Eg forklarer litt meir detaljert kva for hus det er. «Ja, ja, eg vet jo kor det e. Eg har pisset på den veggen så mange gangar.»

Sitatet er på bergensk sjølv om mannen er frå Os. Ein kan ikkje få alt her i verda. Attgjevinga er kanskje ikkje den sterkaste nokon gong, men det er heller ikkje så lett å fortelje att litt kleine 19–20-åringar utveksle introduserande ord.

Mange som les dette, vil ganske enkelt plukke opp kvifor det var interessant nett kvar i Inndalsveien eg budde. Eg vil tru ein del av dei som les dette gjekk bak bogekorpsgutane i toget oppover nettopp Inndalsveien hausten 2007, no går vi av på bybanestoppet Brann stadion, og eventuelle andre minne frå vegen. Men fram til ein gong ut på 2000-talet, var det staden stadionbussane stoppa. Om ein reiste frå Os, Sotra og eg veit ikkje kvar alle bussane gjekk frå. Eg tenkte mest på min frå Knarvik.

Eg veit ikkje om mange kjensler som er betre enn å få pissa etter å ha halde seg godt og lenge inne på bussen på veg til stadion. Den raude veggen, akkurat der under postkassene, eg håpar ikkje det spruta for mykje inn i sjølve postkassene, er jo det heilt perfekte objektet å utsetje alt gledeutlaupet for.

Eg vaks opp med å reise til byn for å gå på stadion med far min, der vi parkerte på rare stadar og måtte springe trafikkfarlege ruter for å kome fram til stadion og andre ting eg aldri ville utsett min eigen son for, men heilt sikkert kjem til å gjere.

Nokre år eldre enn det, fekk eg ta del i dei magiske stadionbussane. Blodårene frå hjartet i Bergen og ut i dei andre kroppsdelane i Hordaland fylke. Som vaksen likar eg kanskje betre bortekampane enn heimekampane. Kanskje fordi bussane inn til byn var den deilige fellesskapen ein fotballsupporter i Nordhordland trong for å ta del og det har sett spor i undermedvitet som gjer at å gå til stadion ikkje er det same.

Når alt kjem til alt, så er moralen enkel: Ingenting er som kjensla når ein endeleg kan gjere slutt på den tunge tida som pissetrengt på bussen og pisse opp den raude veggen før ein går på stadion og får all den gleda roleg drepe og går for å ta bussen heim att.

Terminliste

KampDato
Awaydays
Brann-Haugesund (Cup) 12/03-2023
Brann-Haugesund 10/04-2023
Odd-Brann   - Buss (450/300) 16/04-2023
Brann-Vålerengen 22/04-2023
Bodø/Glimt-Brann 29/04-2023
Brann-Sandefjord 08/05-2023
Sarpsborg 08-Brann   - Buss (450/300) 13/05-2023
Brann-Stabæk 16/05-2023
Brann-Rosenborg 29/05-2023
Aalesund-Brann   - Buss (500/350) 04/06-2023
Brann-Lillestrøm 11/06-2023
Viking-Brann   - Buss (300/150) 24/06-2023
Brann-HamKam 02/07-2023
Molde-Brann   - Buss (500/350) 09/07-2023
Brann-Strømsgodset 16/07-2023
Tromsø-Brann 23/07-2023
Brann-Viking 30/07-2023
HamKam-Brann 06/08-2023
Rosenborg-Brann 13/08-2023
Brann-Aalesund 20/08-2023
Lillestrøm-Brann 27/08-2023
Brann-Sarpsborg 08 03/09-2023
Stabæk-Brann 17/09-2023
Brann-Tromsø 24/09-2023
Vålerengen-Brann 08/10-2023
Brann-Molde 22/10-2023
Sandefjord-Brann 29/10-2023
Brann-Odd 05/11-2023
Haugesund-Brann 12/11-2023
Brann-Bodø/Glimt 26/11-2023
Strømsgodset-Brann 02/12-2023