I heile verda set nasjonane i verk ei rekke tiltak for at R < 1 slik at Koronapandemien dør ut. Så lenge R < 1 smitter kvar person med Korona i snitt mindre ein annan og dermed vil pandemien gå mot slutten. I løpet av 2022 trur mange at Koronapandemien vil få langt mindre påverknad på liva våre. Då må vi erstatte Koronapandemien med ein Brannpandemi der målet er å få R > 1. Det vil seie at kvar Brannsupportar som kjøper partoutkort i snitt får meir enn ein annan supportar til å kjøpe partoutkort. Då vil Brannpandemien vare ei god stund og vi vil skape ein tribunedynamikk som det aldri før har vore på nivå to i Noreg. Men også for å få opp R krev det ei rekke tiltak.
a) Vi må vise heile verda at vi også i 2022 skal kjøpe partoutkort. Legg gjerne ut på sosiale medium at du skal kjøpe/ har kjøpt partoutkort.
b) Vi må markere Brann i byromma. Heng opp plakater og stickers over heile byen. Brann er Brann uansett nivå.
c) Kjenner du nokon som kanskje vil kjøpe partoutkort? Då kan du utfordre dei til å gjere det i 2022. Hugs at Obos med Brann er større enn Eliteserien utan Brann.
d) Er du frisk og frampå? Spel gjerne inn ein video med ei oppmoding om å kjøpe partoutkort.
e) Ha kontakt med flest mogleg for å smitte Brannkoket vidare. Unngå Brannkarantener og isolasjon. Planlegg bortekampar saman, møt opp på tifodugnad, lag fanzine, spel inn podcast og andre tiltak som få Brannpandemien til å vare lengst mogleg.
Får vi R > 1 vil Noreg møte ein kraftig Brannpandemi som vil rase gjennom landet. Til Raufoss, Stjørdal, Grorud og Bryne- ingen vaksiner hjelper mot denne pandemien.
Kamp | Dato |
---|---|
Awaydays | |
Brann-Haugesund (Cup) | 12/03-2023 |
Brann-Haugesund | 10/04-2023 |
Odd-Brann   - Buss (450/300) | 16/04-2023 |
Brann-Vålerengen | 22/04-2023 |
Bodø/Glimt-Brann | 29/04-2023 |
Brann-Sandefjord | 08/05-2023 |
Sarpsborg 08-Brann   - Buss (450/300) | 13/05-2023 |
Brann-Stabæk | 16/05-2023 |
Brann-Rosenborg | 29/05-2023 |
Aalesund-Brann   - Buss (500/350) | 04/06-2023 |
Brann-Lillestrøm | 11/06-2023 |
Viking-Brann   - Buss (300/150) | 24/06-2023 |
Brann-HamKam | 02/07-2023 |
Molde-Brann   - Buss (500/350) | 09/07-2023 |
Brann-Strømsgodset | 16/07-2023 |
Tromsø-Brann | 23/07-2023 |
Brann-Viking | 30/07-2023 |
HamKam-Brann | 06/08-2023 |
Rosenborg-Brann | 13/08-2023 |
Brann-Aalesund | 20/08-2023 |
Lillestrøm-Brann | 27/08-2023 |
Brann-Sarpsborg 08 | 03/09-2023 |
Stabæk-Brann | 17/09-2023 |
Brann-Tromsø | 24/09-2023 |
Vålerengen-Brann | 08/10-2023 |
Brann-Molde | 22/10-2023 |
Sandefjord-Brann | 29/10-2023 |
Brann-Odd | 05/11-2023 |
Haugesund-Brann | 12/11-2023 |
Brann-Bodø/Glimt | 26/11-2023 |
Strømsgodset-Brann | 02/12-2023 |